Plassen har hytter og motellrom av ulik størrelser og standard, tilrettelagte plassar for campingvogn, bubil og telt, samt ei båt og badebrygge der ein kan låne robåt og kajakkar.
Leikanger er omslutta av vakker natur, og plassen ligg sentralt for både rolige turar langs fjorden og fjellturar for store og små. Om ein vil oppleve meir, er dags-utflukter til attraksjonar som Flåm eller bremuseuma i Jostedalen og Fjærland mogleg.
Systrond Motell Hyttesenter og Camping ligg ved riksvegg 55 - Sognefjordvegen sentralt i Leikanger, på den historiske kongsgarden frå vikingtida, Husabø. Den ligg mellom frodige frukthagar i solhellinga på nordsida av Sognefjorden, ein halvtimes køyring vestover frå Sogndal.

KONTAKT